We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Om oss
Sjukehusinnkjøp HF skal utøve ei spesialisert og profesjonell innkjøpsteneste for spesialisthelsetenesta.
Kven er vi?
Hovudkontoret vårt ligg i Vadsø. Føretaket er delt inn i seks divisjonar: divisjon nasjonale tenester, divisjon legemiddel, divisjon nord, divisjon Midt-Noreg, divisjon sør-øst og divisjon vest. I tillegg har vi ein felles stab med støttefunksjonar, ein økonomifunksjon, og ei avdeling for forretningsutvikling.
Føretaket har fire eigarar: Helse Sør-Aust RHF, Helse Nord RHF, Helse Midt-Noreg RHF og Helse Vest RHF, kor eigardelane er på 25 prosent kvar.
I 2021 består føretaket av rundt 300 medarbeidarar. I løpet av 2016 og 2017 vart føretaket bemanna med medarbeidarar frå heile landet, og alle regionar. Dei tilsette vart i hovudsak virksomhetsoverdratt frå helseregionar, helseføretak og tidlegare HINAS.
Administrerande direktør i føretaket er Bente Hayes.
I omgrepet «den beste avtalen» ligg at Sjukehusinnkjøp skal synleggjera resultat som bidrar til økt økonomisk handlingsrom, god leveranseevne, god forsyningstrygging og auka moglegheit til å etablera framtidsretta helsetenester i helseføretaka.
Omgrepet «kvar gong» betyr at vi skal ha høg leveringspresisjon, for å bidra til stabil og sikker drift for helseføretaka. Det inneber òg ein lovnad om kontinuerleg betring i arbeidet som blir lagt ned.
Sjukehusinnkjøp skal levere innkjøpstenester som speglar grunnverdiane til spesialisthelsetenesta; respekt, kvalitet og tryggleik. Sjukehusinnkjøp ønsker å bygga opp under verdiane til spesialisthelsetenesta ved å legga til nokre verdiar for føretaket. Desse verdiane beskriv organisasjonen, og er viktige i arbeidet med å realisera visjonen:
Nytenkande
Kunnskapsrike
Engasjerte
Profesjonelle
Kunnskapsrike: Me skal ha anskaffingsfagleg og kategorispesifikk spisskompetanse, samtidig som me har god tverrfagleg forståing av strukturar og drift i spesialisthelsetenesta og kva som er god pasientbehandling. Me skal vera nysgjerrige og læringsvillige slik at me oppnår kontinuerleg kompetanseutvikling som vekkjer tillit hos helseføretak og leverandørar.
Nytenkande: Me skal vera framtidsretta og innovative i løysing av oppgåver og fleksibel og løysingsorientert i møte med helseføretaka. Me skal vera i forkant av utviklinga i ein stadig endrande marknad, og utfordra helseføretak og leverandørar til å finna nye løysingar og gjera teknologiske framsteg som bidreg til auka verdiskaping og betre pasientbehandling.
Engasjerte: Me skal vera ein initiativrik og motiverande samarbeidspartnar. Me er helsefagleg interesserte og lyttar til fagmiljøa slik at dei forstår at me er eit strategisk verktøy for å finna gode løysingar. Samtidig skal me på ein samarbeidsvillig måte stilla nødvendige krav og sikra varetaking av samfunnsansvar slik at det kan leverast gode innkjøpstenester.
Profesjonelle: Me skal verka einskapleg med svært god forretningsforståing innan innkjøpskategoriane. Me opptrer føreseieleg og etisk i alt me gjer, underbygde av ein sakleg og tydeleg kommunikasjon både eksternt og internt.
Oppgåva vår er å gjennomføra innkjøp på vegner av alle helseføretak i Noreg.
Dette gjer vi innanfor nesten alle område i spesialisthelsetenesta, som til dømes IT-utstyr, legemiddel, medisinsk-teknisk utstyr, medisinske og administrative forbruksvarer, og tenester som vikarar og reisebestilling.
Vi leier innkjøpsprosjekta, i tett samarbeid med spesialistgrupper sett saman av relevant fagpersonell.
I norsk målestokk er helseføretaka store innkjøparar av utstyr, materiell, varer og tenester. Helseføretaka samla, kjøper varer, utstyr og tenester for fleire milliardar kroner i året.
Sjukehusinnkjøp er i hovudsak ikkje dei som kjøper varer, utstyr eller tenester, men det er vi som gjennomfører anbod, og som forvaltar avtalane etter at dei er inngått.
«Foretaket skal kun tilby tjenester til sine eiere, deres heleide virksomheter, ideelle virksomheter med driftsavtale med de regionale helseforetakene og virksomheter underlagt eller heleid av Helse- og omsorgsdepartementet som medvirker til å levere spesialisthelsetjenester.
Foretaket skal ha sentral styring og desentralisert struktur. Foretaket skal delta aktivt i internasjonale nettverk og søke deltagelse i internasjonale allianser for å framme økt samordning av innkjøp på internasjonalt nivå. Innkjøpstjenesten skal være profesjonell, spesialisert og tilgjengelig for kundene.
Helseforetaket skal sørge for at anskaffelsene skje på korrekt og samfunnsansvarlig måte. Helseforetaket skal være en pådriver for etisk handel og miljøvennlige innkjøp.
Innovasjon skal fremmes og det skal tilrettelegges for bruk av nye innovative løsninger i spesialisthelsetjenesten.»
Mer om vårt oppdrag kan du lese i oppdragsdokumentet lenger ned på siden. Et slikt dokument får foretaket fra eierne en gang i året.
Sjukehusinnkjøp HF signerte oktober 2023 samarbeidsavtalar med dei fire helseregionane som eiger verksemda. Avtalane definerer kva slags tenester Sjukehusinnkjøp HF skal bidra med, og korleis dei skal leverast til helseregionane.
Avtalene med Helse Sør-Øst, Helse Vest, Helse Midt-Norge og Helse Nord har same ordlyd, men og enkelte særlege tilpassingar for regionane.
Samfunnsansvar
Helsetjenesten har ansvar for å ivareta velferdsstatens grunnleggende etikk og moral i tillegg til å forvalte samfunnets ressurser. Sykehusinnkjøp HF følger også nasjonale verdier for alle norske helseforetak.