Formålet med ein felles nasjonal kategoristruktur er å støtta samhandling mellom helseføretaka i spesialisthelsetenesta ved å etablera ei felles kommunikasjonsplattform, standardisera omgrepsbruk, støtte innkjøpsprosessane og leggja til rette for betre styring av innkjøp i spesialisthelsetenesta.
Kategoristrukturen består av fem nivå, der kvart vart utvikla med spesifikt formål.
Gruppering av kategoriar i til dømes medisinske kjøp og ikkje-medisinske kjøp. Blir definert ut frå kvar enkelt behovet til organisasjonen
Samling av innkjøpsgrupper som har handteringsmessige og kompetansemessige (innkjøp) synergiar og som legg til rette for dialog med leiing.
Gruppering av anbodspakkar som har fagmessige synergiar og som legg til rette for involvering av fagressursar i innkjøpsarbeidet i spesialisthelsetenesta.
Anbodsførespurnaden rettar seg mot éin leverandørmarknad eller delar av ein leverandørmarknad. Kva tilnærming til marknaden som blir vald, avheng av kva effektar som blir ønskte oppnådd gjennom innkjøpsarbeidet.
Gruppering av artiklar frå kjeldesystema i grupper som blir knytte til anbodspakkane. UNSPSC, artskonto med meir kan nyttast som grunnlag for definering av produktgruppene.