Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Sykehusinnkjøp

Om tilgjengelegheit

I Sjukehusinnkjøp jobbar me for at innhaldet på nettsidene våre skal vera tilgjengeleg for alle.

Me jobbar dagleg for å halda oppe og vidareutvikla ein nettstad som er tilpassa alle brukarar uavhengig av funksjonsevne. 

Til dømes skal nettsida vår vera koda slik at det er mogleg å lesa opp innhaldet med skjermlesarar. Me skal ha eit klart og tydeleg språk. Du skal kunna forstørra teksten i nettlesaren, og alle bilete skal ha alternativ tekst.

Meld frå om feil og manglar

Opplever du at nettstaden vår har innhald som ikkje er tilgjengeleg, vil me gjerne høyra frå deg. 

Du kan senda oss ei klage vedrørande manglande tilgjengelegheit eller be om tilgjengelege alternativ til innhaldet vårt. Send tilbakemeldinga di på e-post post@sykehusinnkjop.no. Førespurnaden din vil bli svart på innan rimeleg tid og så raskt som mogleg.

Tilgjengelegheitserklæring

I tilgjengelegheitserklæringa beskriv me korleis og i kva grad sykehusinnkjop.no oppfyller krava i WCAG 2.1-standarden (Retningslinjer for universell utforming av webinnhald).

Bokmål: Tilgjengelighetserklæringen for sykehusinnkjop.no

Nynorsk: Tilgjengelegheitserklæring for sykehusinnkjop.no

Sist oppdatert 28.08.2024