Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Sykehusinnkjøp

Strategi for bruk av teknologi og standardar

Denne strategien er utarbeidd i regi av prosjektet «Nasjonal samhandling og standardisering».

Prosjektet vart sett i verk på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og dette dokumentet er ein leveranse frå den tredje fasen av prosjektet.

Strategien har eit langsiktig perspektiv og vil vera retningsgivande for regionale strategiar innan området.

Konklusjonen frå prosjektet er at den norske spesialisthelsetenesta er relativt svakt stilt på innkjøps- og logistikkområdet når det gjeld nivå av systemstøtte, bruk av sentrale standardar og forvaltning av data som er kritiske for innkjøp og logistikkområdet (masterdata).

Fleire helseføretak manglar framleis systemstøtte på viktige område. Det er ein sentral føresetnad i strategien at verksemdene kan halda fram med å bruka eksisterande system og forvaltning, men at ein må fylla identifiserte teknologigap med rett teknologi og at det må sikrast at systema fungerer etter gitte kriterium omtalte i dette dokumentet.

For å lasta ned heile strategien i pdf-format, klikk her (bokmål).

Sist oppdatert 28.10.2024