Alle avtalar på kreftlegemiddel vert no signerte

Sør-Rogaland tingrett ga Sjukehusinnkjøp HF medhald, og nye avtalar sikrar tilgang på viktige kreftlegemiddel i Noreg.

​Anskaffinga knytt til onkologlegemiddel har vore gjennom KOFA, og no også behandling i do​​mstolen. Sør-Rogaland tingrett behandla ei mellombels åtgjerd frå leverandørane MSD og Janssen, og avgjerda ga spesialisthelsetenesta rett til å signere alle avtalar knytt til onkologi.

​​– Vi er glade for at denne avgjerda gir pasientane trygg og sikker tilgang på viktige legemiddel til kreftbehandling i Norge. Det har vore ei omfattande behandling i tingretten, og signering av avtalane vil gi pasientene eit så bredt utvalg av ulike behandlingsalternativ som mogleg, seier administrerende direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne, som representerer eigarane i denne saka.

Administrerande direktør Bente Hayes i Sjukehusinnkjøp HF er glad for at retten har kome til same vu​rdering som spesialisthelsetenesta.

– Det er viktig å poengtere at kun eit fåtall av legemidla innanfor onkologi har vore gjenstand for denne rettsaken, så eigarane har kunnet signere kontrakter med alle leverandøren​​e som alt har akseptert tildelinga. Det gir pasientane eit bredere behandlingstilbud enn dei hadde på eksisterande avtalar og det er vi glade for, seier Hayes.

​Kont​aktpersonar

Bente Hayes, administrerende direktør i Sykehusinnkjøp HF: Media kan kontakte kommunikasjonsleder Kjersti Lien, telefon 900 67 019.

Inger Cathrine Bryne, Helse Vest RHF: Media kan kontakte kommunikasjonsavdelingen i Helse Vest RHF ved Mirjam Klingenberg på telefon 958 76 839.​​​