Ny rapport om arbeidet med samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta for 2020

«Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar,»  er lagd fram for Helse- og omsorgsdepartementet i dag. Sjukehusinnkjøp HF har bidratt med rapportering av sitt arbeidd med miljø og samfunnsansvar.


I rapporten er klimarekneskapen for 2020 summert opp. Færre reiser på grunn av koronapandemien, nye digitale måtar å jobbe på og eit varmt år gav lågare energiforbruk i sjukehussektoren. Ifølgje Meteorologisk institutt var 2020 det varmaste året sidan målingane starta for 120 år sidan.

Les rapporten nede på sida.

Norske sjukehus sparte over 37 000 tonn CO2-utslepp i 2020. Den største nedgangen er på grunn av færre reiser, både for pasientar og tilsette i koronaåret. Tilsette i heile spesialisthelsetenesta gjennomførte 71 prosent færre flyreiser i 2020 samanlikna med året før. Dette er ein reduksjon på nesten 10 000 tonn CO2, som svarer til 1800 gonger rundt jorda med fly og over 130 millionar kroner spart i flybillettar.

Sjukehusinnkjøp hadde også ein stor nedgang i mengde flyreiser frå 2018 – 2019, men frå 2019 til 2020 er sjølvsagt ein endå større nedgang. Den var på omlag 75 prosent.

Sjukehusinnkjøp i rapporten

Selskap med statleg eigardel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er leiande på sine områder.

Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i sitt arbeid med miljø og bærekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennlig drift.

 

I tillegg til forventingar knytte til klima og miljø skal sjukehusa også jobbe systematisk med menneskerettar, arbeidstakarrettar og antikorrupsjon. Sjukehusinnkjøp har blant anna hatt ei vellukka oppfølging av ein fabrikk i Malaysia, som sikra oss nok eingongshanskar under pandemien.

Sjukehusinnkjøp rapporterer også om ein ny anskaffing av pc-klientar og skjermar med ekstra høge krav til miljø, og eit emballasjeprosjekt som pågår. I rapporten er det også ei sak om den reviderte miljøpolicyen, samt om den hyggelege annerkjenninga i form av tildeling av årets etisk handel-pris.

Eit viktig samfunnsansvar

Denne rapporten er den tredje fellesrapporten dei fire regionale helseføretaka presenterer om spesialisthelsetenesta sitt arbeid med samfunnsansvar. Rapporten omfattar alle helseføretak i landet og dei felleseigde selskapa. Innhaldet i rapporten handlar om klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, i tillegg til antikorrupsjon.

Spesialisthelsetenesta ønskjer å vere leiande i sitt arbeid som ansvarleg verksemd og bidra til ei berekraftig utvikling. Som ein av dei største eigedomsforvaltarane i Noreg, er Helse Sør-Øst sitt ansvar bevisst og har slutta seg til strakstiltaka vegkart for grøn omstilling i eigedomssektoren. Dette, og mange fleire tiltak, kan du lese om i rapporten.

Åpne rapporten i fullskjerm ved å klikke på firkanten i bildet over rapporten.

Du kan også laste rapporten ned her.