Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Sjukehusinnkjøp HF har bidrege i anskaffinga av utstyr til prontonsentra
Protonsentra ved Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus skal gje betre kreftbehandling til pasientar i heile landet. 2. mai vart kontrakten med utstyrsleverandøren Varian Medical Systems signert både i Oslo og Bergen.
Publisert 07.05.2019
Sist oppdatert 12.01.2023
Sjukehusinnkjøp har vore med i førebuinga av anskaffinga sidan november 2017 og hatt ei aktiv rolle i utforminga av konkurransegrunnlaget og gjennomføring av konkurransen. Konkurransen er lyst ut gjennom Sjukehusinnkjøp HF sin Mercell-portal, og dermed har Sjukehusinnkjøp vore ansvarleg for all kommunikasjon og dokumenthåndtering gjennom Mercell.
– Sjukehusinnkjøp har fungert som sekretariat i forhandlingsutvalet og har deltatt i evalueringa av tilboda. I karensperioden har prosjektleiar frå Sykehusbygg, Sjukehusinnkjøp HF og Kluge Advokater samarbeida godt i handtering av innsyn og klager frå tilbydarane, seier rådgjevar Hilde Eiken frå Sjukehusinnkjøp HF.
Sjukehusinnkjøp HF har opplevd samarbeidet med Sykehusbygg og øvrig fagmiljø i Helse Bergen og Helse Sør-Øst som svært godt og lærerikt, og ei erfaring som Sykehusinnkjøp vil ta med seg vidare i framtidig samarbeid på tvers av helseføretaka.
Jamn konkurranse
– Målet med protonterapi er å redusere langtidsskadar frå strålebehandling, og bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom. Når avtalen med Varian Medical Systems, selskapet som skal levere utstyret til protonsentra i Oslo og Bergen no er signert, har vi fått eit nasjonalt løft for kreftpasientar i heile landet, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.