Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Nye kontraktar tildelt for insulinpumper og tilbehøyr

Sjukehusinnkjøp har i november tildelt nye nasjonale kontraktar for høvesvis patchpumpe for insulin og frittståande vevsglukosemålar.

Ole-Tommy Pedersen
Publisert 23.11.2023
Ordsky diabetes-tematikk

Illustrasjon: www.epictop10.com

Anbodet for insulinpumper, CGM (kontinuerleg vevsglukosemålar) og forbruksmateriell består av fire delkontraktar. Tre av dei (delkontrakt 2-4) er no tildelt med avtalestart 1. januar 2024.

Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
Omnipod Dash

 

Delkontrakt 2 – patchpumpe for insulin

  • Prioritet 1: OmniPod Dash (leverandør: NordicInfu Care AB)
  • Prioritet 2: Accu-Check Solo (leverandør: Roche Diagnostics Norge AS)

Rangeringa av produkt/leverandørar er her den same som i den utgåande avtalen.

Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
Accu-Check Solo

 

Delkontrakt 3 – frittstående CGM

  • Prioritet 1: Freestyle Libre 3 (leverandør: Abbott Norge AS)
  • Prioritet 2: Freestyle Libre 2 (leverandør: Abbott Norge AS)
  • Prioritet 3: Simplera (leverandør: Medtronic Norge AS)
  • Prioritet 4: Dexcom G7 (leverandør: NordicInfu Care AB)
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
Freestyle Libre 3

 

Her er det enkelte endringer i produkter fra den utgående avtalen.

Delkontrakt 4 – forbruksmateriell 

Her er det gjort avtalar om følgjande produkt:

  • Accu-Check Combo og Accu-Check Insight (leverandør: Roche Diagnostics Norge AS)
  • Minimed 640G inkl. CGM (leverandør: Medtronic Norge AS)
  • OmniPod Eros (leverandør: NordicInfu Care AB)
  • Dexcom G6 – frittståande CGM (leverandør: NordicInfu Care AB)

 

Rammeavtalane gjeld fram til 31. desember 2025 og kan forlengjast med 1+1 år (maksimalt ut desember 2027). 

Delkontrakt 1 – insulinpumper med CGM, closed loop

Denne kontrakten blir tildelt seinare, med oppstart av avtale april 2024.