Rekordmange deltakarar på onkologiseminar
Etablert og utprøvande behandling som ein del av helsetenesta var hovudtema då Helseforetakenes anbodsseminar onkologi 2023 starta i Lillestrøm.
Seminaret blir arrangert 21. og 22. september i samband med nytt anbod på patenterte onkologiske legemiddel.
— Men det er også eit seminar som viser at Sjukehusinnkjøp og spesialistgruppa i onkologi ønskjer å setja fokus på kliniske studiar og innføring av nye legemiddel med avgrensa dokumentasjon. Me har prøvd å laga eit spennande program som dekkjer eit veldig aktuelt tema om dagen, seier fagrådgivar Helle Nærsnes Endresen i Sjukehusinnkjøp.
Etablert og utprøvande behandling
Hovudtemaet for årets seminar er altså etablert og utprøvande behandling som ein del av helsetenesta. Første dag handlar foredraga om kliniske studiar. Fredag er overskrifta «vilkårsbunde marknadsføringsløyve = vilkårsbunden innføring».
Fakta om onkologi
-
Onkologi er læra og kunnskapen om kreftsjukdommar.
-
Nemninga blir også brukt om den medisinske spesialiteten som i Noreg har hovudansvaret for strålebehandling og for spesialisert medikamentell kreftbehandling.
-
Nemninga onkologi blir også nytta for å beskriva annan spesialkompetanse vedrørande kreft, som gynekologisk onkologi (kreft i kvinnelege kjønnsorgan), pediatrisk onkologi (barnekreft) og onkologisk sjukepleie.
-
Ein onkolog er ein lege som er godkjend spesialist i onkologi. Det krevst til saman fem års teneste i utdanningsstilling etter LIS1, og dessutan 210 timar teoretisk kurs. Det er om lag 400 spesialistar i onkologi i Noreg (2021).
Kjelde: Artikkelen «onkologi» i Store norske leksikon
Seminaret rettar seg mot leverandørar, helsepersonell frå onkologiske avdelingar og andre representantar frå helseføretaka som jobbar med klinisk utprøving.
Det samla talet deltakarar fysisk og digitalt i år er rundt 200, noko som er ny rekord.
Meir og betre pasientbehandling
Konstituert avdelingsleiar Nye metodar i divisjon legemiddel i Sjukehusinnkjøp heldt opningsforedraget. Han snakka om innkjøp av kreftbehandlinga i framtida og korleis ho kjem til å bli, og korleis Sjukehusinnkjøp tenkjer at me må jobba med innkjøp av nye legemiddel.
— Me står framfor mange spennande medisinske framsteg. Mange av kreftpasientane som ikkje fekk behandling tidlegare, får det no. Og det er noko me er veldig glad for, fordi mottoet vårt er meir og betre pasientbehandling gjennom gode innkjøp av legemiddel, seier Sagdahl.