Utgreiing for varsemdvurderingar 2022
Openheitslova pålegg større verksemder i Noreg å gjera greie for varsemdvurderingar knytt til menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i verdikjeda. Sjukehusinnkjøps forklaring for 2022 er no lagt ut.
Juli 2022 tredde openheitslova i kraft. Den påla verksemder å vurdera menneskerettar og arbeidsforhold knytt til forretningsverksemda deira, produkt og tenester gjennom leverandørkjeder eller forretningspartnarar.
Sjukehusinnkjøp har no lagt ut forklaring for rapporteringsåret 2022. Dette er verksemdas første slike forklaring.
Forklaringa er laga med malverk frå Etisk handel Noreg, som Sjukehusinnkjøp HF er medlem av. Den er bygd rundt FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar og OECDs modell for varsemdvurderingar for ansvarleg næringsliv.
– Det har vore ein omfattande jobb å utarbeida rapporten, men også svært lærerikt. Dette arbeidet er ein kontinuerleg prosess, og framover skal me revidera rapporten kvart år, seier spesialrådgivar etisk handel i Sjukehusinnkjøp HF, Pia Trulsen.
Les heile dokumentet her:
Utgreiing for varsemdvurderingar 2022
Sjukehusinnkjøp HF har tidlegare også lagt ut verksemdas kontraktskrav for etisk handel og beskriving av korleis verksemda gjennomfører varsemdvurderingar.
Lov om verksemders openheit og arbeid med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
§ 1. Lovens formål
Lova skal fremja verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester, og sikra allmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.