Kontrakt tildelt for ny modell ambulansebilar
Sjukehusinnkjøp HF har i januar inngått ny nasjonal kontrakt for ambulansebilar over 3,5 tonn med firehjulstrekk. Modellen er Mercedes Sprinter.

Dei tyngre bilane med firehjulstrekk har vore den mest innkjøpte kategorien i førre kontraktsperiode. I denne perioden har leverandøren Emergency Norway levert bilar av typen Volkswagen Crafter til ambulansesentralane rundt om i landet.
Same leverandør er no tildelt ein ny kontrakt som hadde oppstart 10. januar, men denne gongen med Mercedes Sprinter som ny modell. Det kom inn til saman sju tilbod frå fire ulike leverandørar i anbodsrunden.
Kontrakten går over to år, med moglegheit for forlenging inntil to år, og har ein anteken leveranse på 130-140 bilar i året. Estimert verdi for kontrakten er på 210 millionar kroner i året.
Bilane har krav om leveringstid på 12 månader, slik at dei første ambulansane på den nye kontrakten blir leverte mot slutten av 2024. I mellomtida vil også bilar bestilte i 2023 på den gamle kontrakten bli leverte jamt og trutt ut til dei regionale helseføretaka som har bestillingar inne frå før.
Sjukehusinnkjøp HF ser fram til vidare samarbeid med Emergency Norway. Les meir om avtalen på kategorisida for nasjonale avtalar.