Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Anbod for kolesterolmedisin: To legemiddel godkjende

Sjukehusinnkjøp har no inngått avtale med to leverandørar etter eit nytt blåresept-anbod på PCSK-9 hemmere. Legemiddelet Repatha blir førsteval for nye pasientar.

Publisert 15.10.2024
Illustrasjonsbilde av en pasient inne til konsultasjon hos en lege. De ser på hverandre og smiler

Foto: Helse Bergen

Med to førehandsgodkjende legemiddel for behandling av høgt kolesterol, blir prosessen med refusjon enklare både for lege og pasient. Illustrasjonsfoto.

På oppdrag frå Direktoratet for medisinske produkt (DMP) lyste Sjukehusinnkjøp i juni i ut ein anbodskonkurranse på PCSK9-hemmere. Dette er ei gruppe legemiddel som blir nytta til å behandle høgt kolesterol.

Resultatet av anbodskonkurransen er no klart.

Legemiddelfirmaet Amgen leverte det beste tilbodet for legemiddelet Repatha. Dette skal derfor vere det legemiddelet som legen skal vurdere først for nye pasientar.

Endringa vil gjelde frå 1. januar 2025. Så langt har berre eitt legemiddel vore førehandsgodkjent.

Auka talet på brukarar

Det er DMP som har det overordna ansvaret for anbodet, medan Sjukehusinnkjøp gjennomfører anbodskonkurransen.

– DMP er glade for gunstige tilbod frå leverandørane som kjem pasientar og samfunnet til gode. Målet med anbod er å få mest mogleg helse igjen for dei ressursane fellesskapen bruker på legemiddel. Som følgje av gode anbodsprisar kan denne behandlinga no tilbydast langt fleire pasientar enn før, seier einingsleiar Hallstein Husbyn.

Han viser til at sidan første anbod har talet på brukarar av PCSK9-hemmere auka frå om lag 3000 til over 6000 på to år, utan vesentleg auke i helsebudsjettet.

Behandling kan halde fram som før

  • Fram til nyttår er det framleis berre Praluent som er førehandsgodkjent på blå resept, og legen må søkje individuelt for å kunne bruke Repatha.
  • Frå nyttår er Repatha førsterangert for nye pasientar, medan pasientar som bruker Praluent, kan halde fram med dette.
  • Fastlegar kan også endre forskriving til Repahta om det er aktuelt. Føresetnaden er at det skjer i samråd med pasienten.  

Fornøgde brukarar

Pasientorganisasjon for Familiær Hyperkolesterolemi (FH) har delteke i brukarutvalet for denne anskaffinga. Leiar Margaretha Hamrin seier seg svært fornøgd med at begge desse PCSK9-hemmeren no er førehandsgodkjend.

– Det er gledeleg at dei pasientane som eventuelt opplever biverknader av førstevalet/anbodsvinnar, har fått eit andreval i denne nye anbodsrunden, utan å måtte gjennom ein stor prosess med søknad om individuell refusjon. Dette er ressurssparande både for kvar enkelt pasient og for samfunnsøkonomien, uttaler Hamrin.

Ho legg til;

– Som pasientrepresentant har eg opplevd utvalsarbeidet som svært godt og konstruktivt. Pasientstemma har vorte teken på alvor og er lytta til.

Forenkling

Spesialrådgivar Erik Hviding i Sjukehusinnkjøps divisjon legemiddel er glad for all forenkling dei kan bidra til for legar og pasientar.

– No kan legar føreskrive begge desse legemidla utan å søkje individuell refusjon. Denne forenklinga vart mogleg fordi begge tilboda vi fekk, låg innanfor det prisintervallet som vart sett i konkurransen. Dermed fekk begge legemidla førehandsgodkjenning på blå resept, seier Hviding.

Fakta

  • PCSK9-hemmere er ei gruppe legemiddel som senkar kolesterolet.
  • Desse blir brukte til behandling av primær hyperkolesterolemi, både familiær og ikkje-familiær type, og i behandlinga av dyslipidemi.
  • Desse legemidla blir nytta til å behandle høgt kolesterol hos pasientar som ikkje oppnår tilstrekkeleg effekt på LDL-kolesterolet med andre medisinar.
  • Begge PCSK9-hemmerne på marknaden er injeksjonsbehandling, som blir gitt med sprøyter i underhuda (subkutant) annakvar veke eller éin gong per månad, avhengig av dosen.
  • Ofte blir behandlinga kombinert med endringar i diett, og i nokre tilfelle med eit statin for optimal behandling.

KILDE: Direktoratet for medisinske produkter / Sykehusinnkjøp