Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Nordisk legemiddelforum stakar ut kurs for framtida

Forumet skal mellom anna arbeida med å sikra tilgang på legemiddel og gjera felles anskaffingar og prisforhandlingar.

Publisert 04.10.2024
En gruppe mennesker som sitter ved et bord med hendene i været
Nordisk legemiddelforum under møte i Stockholm 25. september

Nordisk legemiddelforum er eit rammeverk for samarbeid mellom innkjøpsorganisasjonar i dei nordiske landa innanfor legemiddel.

Samarbeidet fyller snart ti år, og den 25. september møttest forumet i Stockholm for å dela kunnskap og erfaringar og diskutera mål for åra som kjem.

Dei siste åra har me sett utfordringar knytt krig i Europa og internasjonale helsetruslar som Covid-19. Framover står me også overfor ei overhaling av EU-lovgivinga innanfor legemiddel. Med dette som bakteppe reknar Nordisk legemiddelforum det som viktigare enn nokosinne med tett samarbeid i Norden.

– Verda rundt oss endrar seg raskt og legemiddelsektoren blir stadig meir kompleks. Utfordringar i sektoren er ofte internasjonale, og spesielt små land slik som dei nordiske kan slita med å handtera dei på eigenhand. Derfor har me mykje å vinna på å finna felles løysingar, seier Nordisk legemiddelforum.

Sette mål for framtida

På programmet for samlinga i Stockholm stod presentasjonar om samarbeid mellom styresmaktene i Norden som regulerer legemiddel, helseprogrammet til Nordisk ministerråd, EU-kommisjonens arbeid rundt mangel og høge prisar på legemiddel og forslag til korleis dei Nordiske landa kan forbetra tilgangen til antibiotika.

Viktig for møtet var også å dela erfaringar og å byggja nettverk. I tillegg arbeidde forumet med å identifisera område som Nordisk legemiddelforum skal fokusera på i åra som kjem. Døme på saker er sikring av tilgang på legemiddel, felles anskaffingar og prisforhandlingar, horizon skanning, produksjon og miljøutfordringar.

Vellykka samarbeid

I løpet av åra som Nordisk legemiddelforum har vore aktivt, har det nådd mange mål. Forumet har mellom anna utvikla eit felles rammeverk for felles prisforhandlingar om nye legemiddel og utveksla erfaringar rundt standardvilkår for avanserte terapiar. Forumet har også utvikla felles miljøkriterium for legemiddel og brukt dei i ein av fleire felles nordiske anskaffingar.

I dag blir samarbeidet rekna av mange andre land som eit føredøme innanfor offentleg anskaffing, forsyningstryggleik, berekraft, horizon skanning og internasjonalt samarbeid.

– Me er veldig stolte over samarbeidet vårt, og nøgde med at det held fram med uminka kraft ti år etter at me starta Nordisk legemiddelforum. Me har sterk tru på at dei nordiske landa har mykje å tena på å jobba endå tettare saman for å bli den kanskje mest integrerte legemiddelregionen i Europa, sig Nordisk legemiddelforum.

Om Nordisk legemiddelforum

Du kan lesa meir om Nordisk legemiddelforum på nettsida til forumet.