Dette er oppdraget vårt for 2025
Sjukehusinnkjøp har no teke imot det årlege oppdragsdokumentet frå eigarane våre, dei regionale helseføretaka.
Publisert 18.02.2025

Oppdragsdokumentet er ei bestilling frå dei regionale helseføretaka til Sjukehusinnkjøp og dei andre felleseide føretaka for inneverande år.
Årets verksemdsspesifikke oppdrag for Sjukehusinnkjøp er delt inn i åtte overskrifter. Innleiingsvis blir det påpeika at det framleis er behov for at Sjukehusinnkjøp konsoliderer verksemda si med sikte på å fullføre arbeidet knytt til tidlegare oppdrag.
Under følgjer ei kort oppsummering av oppdraga. Oppdragsdokumentet kan lesast i sin heilskap her.
- Kategoriplanar: Sjukehusinnkjøp skal halde fram arbeidet med kategoriplanar. Les meir om arbeidet vårt med kategoriplanar her
- Bidra i utviklinga av Nye metodar: Sjukehusinnkjøp skal bidra til å vidareutvikle Nye metoder-systemet for området «medisinske utstyr». Vi skal også planleggje for samordning og utnytting av ressursane for «legemiddel» og «medisinsk utstyr».
- Beredskap: Sjukehusinnkjøp skal hjelpe dei regionale helseføretaka med å føre vidare arbeidet med etablering av beredskapslager både for legemiddel og kritisk materiell
- Digitalisering/nye digitale innkjøpsverktøy: Sjukehusinnkjøp skal gjennom arbeidet med innføring av nye digitale innkjøpsverktøy sørgje for å bli meir datadrivne gjennom å automatisere og forenkle prosessar.
- Gevinstrealiseringsplan Pharmasys 3.0 og H-reseptprosjekt: Sjukehusinnkjøp skal utarbeide ein felles gevinstrealiseringsplan for Pharmasys 3.0 og Hreseptprosjektet. I planen skal det leggjast vekt på at dei same gevinstane ikkje blir talte to gonger.
- IKT-anskaffingar: Behov for fagressursar innan informasjonstryggleik i anskaffingar i dei felleseide helseføretaka skal dekkjast av dei respektive regionane der føretaka har hovudkontoret sitt
- Arena for samarbeid om tryggleik i anskaffingar: Sjukehusinnkjøp skal hjelpe dei regionale helseføretaka med å etablerer ein arena for samarbeid og erfaringsutveksling innanfor tryggleik i anskaffingar som ikkje fell inn under tryggingslova, og tryggleiksgraderte anskaffingar. Arbeidet skal gjerast i samarbeid med Norsk helsenett SF.
- Vidareutvikling av innkjøpsområdet: Sjukehusinnkjøp HF skal:
− prioritere arbeidet med oppfølging av tiltak for å styrkje gevinstrealiseringa innan innkjøpsområdet.
− bidra i internasjonalt samarbeid innanfor anskaffingar, etisk handel og miljøområdet (samfunnsansvar).
Sjukehusinnkjøp skal rapportere på krava i oppdragsdokumentet for 2025 i årleg melding innan 31. januar 2026.