Sjukehusinnkjøp HF har bidrege i anskaffinga av utstyr til prontonsentra

Protonsentra ved Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus skal gje betre kreftbehandling til pasientar i heile landet. 2. mai vart kontrakten med utstyrsleverandøren Varian Medical Systems signert både i Oslo og Bergen.


Protonsignering_kake.jpg

Administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen gjev teamet frå Varian Medical Systems ei hjelpande hand ved kakefeiringa under kontraktsigneringa.

Sjukehusinnkjøp har vore med i førebuinga av anskaffinga sidan november 2017 og hatt ei aktiv rolle i utforminga av konkurransegrunnlaget og gjennomføring av konkurransen.  Konkurransen er lyst ut gjennom Sjukehusinnkjøp HF sin Mercell-portal, og dermed har Sjukehusinnkjøp vore ansvarleg for all kommunikasjon og dokumenthåndtering gjennom Mercell. 

- Sjukehusinnkjøp har fungert som sekretariat i forhandlingsutvalet og har deltatt i evalueringa av tilboda. I karensperioden har prosjektleiar frå Sykehusbygg, Sjukehusinnkjøp HF og Kluge Advokater samarbeida godt i handtering av innsyn og klager frå tilbydarane, seier rådgjevar Hilde Eiken frå Sjukehusinnkjøp HF.

Sjukehusinnkjøp HF har opplevd samarbeidet med Sykehusbygg og øvrig fagmiljø i Helse Bergen og Helse Sør-Øst som svært godt og lærerikt, og ei erfaring som Sykehusinnkjøp vil ta med seg vidare i framtidig samarbeid på tvers av helseføretaka. 

Jamn konkurranse

- Målet med protonterapi er å redusere langtidsskadar frå strålebehandling, og bidra til at fleire kan leve eit normalt liv etter kreftsjukdom. Når avtalen med Varian Medical Systems, selskapet som skal levere utstyret til protonsentra i Oslo og Bergen no er signert, har vi fått eit nasjonalt løft for kreftpasientar i heile landet, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.

Her er vinnarane saman med deler av temaet som har stått bak anskaffinga; bak frå venstre; rådgjevar Hilde Eiken frå Sykehusinnk

Her er vinnarane saman med deler av temaet som har stått bak anskaffinga; bak frå venstre; rådgjevar Hilde Eiken frå Sykehusinnkjøp, fagansvarleg for utstyr i Sykehusbygg Kjell Olav Lyngsmo og salgsdirektør Mouhcine Chergou frå Varian. Foran frå venstre; prosjektleiar Odd Harald Odland frå Haukeland universitetssjukehus, administrerande direktør Ole Hagen Laustsen frå Varian, administrerande direktør i Helse Bergen Eivind Hansen og visepresident David Scott frå Varian.

Anbodet er gjennomført som konkurranse med forhandlingar. Fire leverandørar vart prekvalifisert, tre av dei valde å levere tilbod. Tilboda er evaluert på kriteria total kostnad (vekta 60 %) og kvalitet (vekta 40 %). På evalueringskriteriet kvalitet vart alle tilboda vurdert som svært bra, og kun med mindre skilnader på dei ulike kvalitetskriteria.

- Varian Medical Systems leverte det tilbodet som totalt sett har det beste forholdet mellom kostnad og kvalitet, og scora best på summen av evalueringskriteria. Selskapet er ein av dei største leverandørane av stråleutstyr til kreftbehandling på verdsbasis, og selskapet har eller skal levere protonutstyr til 24 andre sentre. Varian Medical Systems har også over 8000 medisinske lineær akseleratorar installert verda over. Vi ser frem til et godt samarbeid med ein erfaren leverandør, seier Cathrine M. Lofthus, administrerande direktør i Helse Sør-Øst RHF.

Kostnaden for utstyrsanskaffinga er innanfor budsjett for begge prosjekta.

Godt samarbeid

Utstyrsanskaffinga til protonsentra i Helse Sør- Øst RHF og Helse Bergen HF er gjennomført som eit nasjonalt prosjekt, med prosjektleiing frå Sykehusbygg HF. Det har vore innleidd bistand til juridisk rådgjeving frå Kluge Advokater, Sykehusinnkjøp HF har vært innkjøpsressurs. Det har også vore god bistand frå fagmiljøa ved Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus.

- Samarbeidet med alle involverte har vore svært godt, og tilbakemeldingane frå dei involverte tilbydarane er også positive. Dette er den største utstyrsanskaffinga i regi av Sykehusbygg, og den første kor det har vore eit formelt samarbeid mellom Sykehusbygg og Sykehusinnkjøp, seier fagansvarleg for utstyr i Sykehusbygg, Kjell Olav Lyngsmo. 

Oppstart i 2023 og 2024

No er det byggeprosjekta ved dei to føretaka som i stor grad skal vidareføre samarbeidet med Varian Medical Systems.

- Signering av kontrakten inneber at vi no kan gå frå førebuingar og planlegging til bygging og gjennomføring. Utstyrsanskaffinga legg premissene for bygga og dei tekniske anlegga, og avklaring av utstyrsleveransane er heilt avgjera for framdrifta i protonprosjekta, seier Eivind Hansen.